Ryfylke Kajakk

Me arrangerar eventyr i heile Rogaland. Guida turar kor du og din bedrift kan bli med! De treng ingen bakgrunn frå havkajakk for å bli med. De får enkle havkajakkar, og me padlar i eit slikt tempo at me får nyte livet på sjøen maksimalt.

Kurshaldara Forutan inngåande padlekunnskap kan me og svært mykje om fjordane me padlar i. På kurs hos oss skal du ikkje bare vere i trygge hender - du skal ha det moro og våge å kaste deg ut i ukjent farvatn utan å vere redd for å dumme deg ut. Me har hatt grupper frå bla. Conoco Phillips, Total, Statoilhydro og Haugaland Vekst med oss på tur.

Ta kontakt for ein prat, me kan ordne turar, kurs og kveldsøkter rundt omkring i heile Rogaland! Utanom kurs på bestilling frå bedrifter arrangerer Ryfylke Kajakk kurs nesten kvar helg om sommaren, noken kurs er og på kveldstid i veken. Her er det både unge og gamle som kjem for å læra å padla skikkeleg. Dersom du ikkje har kajakk allereie kan du leige hos oss. Har du ein draum om sige avgarde mellom holmar og skjer er det berre til å hive seg rundt. Opplev eit annleis eventyr med Ryfylke Kajakk!

Ryfylke Kajakk AS
Org.nr. 993 061 263
Torbjørn Bjelland Jelsa
4234 Jelsa
Phone: 93655998
Rogaland
Les meir om stadane me har arrangert kurs og guida turar, på vår nettside.


Tips en bekjent
*Mottagers e-post: *Din e-post:
*Skriv inn teksten over:
Skriv ut