Brun Undredal er laga av fersk geitemyse og geitemjølk og inntil 7,5 % kufløyte. Den er kokt i åtte timar i opne kar med flisfyring.
Kvit Undredal er Laga av nysilt (rå) geitemjølk, syrekultur, løype og salt. Osten finst i tre mogningsgrader: nylagra, mellomlagra og vellagra.
Denne populære nyskapningen spring direkte ut av tradisjonen, men er salta, mogna og vidareutvikla for dagens kontinentalt påverka publikum.
Sognakvitosten er laga av nysilt (rå) geitemjølk, syrekultur og løype. Osten finst i tre mogningsgrader: nylagra, mellomlagra og vellagra.
Som det første geitostysteriet i Noreg har vi full autorisasjon for produksjon og sal i heile Europa av kvit og brun ost. Og dette utan å måtte frårøve mjølka hennar beste kvalitetar gjennom pasteurisering. Dette gjer at vi som lokalt ysteri også kan rekne oss som del av ein stolt europeisk tradisjon, der kvalitet ikkje berre er relatert til tekniske kriteria, men til dyrehelse, jordsmonn, planteval og beitelandskapet.
Undredal Stølsysteri
5746 Undredal
tlf 5763 1763 / 9598 4630
Eigarane: Magne Underdal og Anna Karine Marstein, Stig Arne og Gunhild Strand Borlaug, Ivar Bjarne Underdal og Pascale Baudonnel.
Dersom de ynskjer kontakt med oss på ysteriet, så send ein e-post til geitost@online.no. Ynskjer de å bestille ost, så send ein e-post til underdalsbui@visitundredal.no, eller ring 5763 3080
Vår nettside: www.undredalsost.no