Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk



Vi lager tretønner som oftast blir brukt til salting av torskerogn. Ei standard tretønne tek 116 liter. Me skaffar og halvtønner, fjerdingstønner og åttringstønner. Vi kan produsera tønner som tek opp til 125 liter. Me kan òg skaffa eiketønner i mange storleikar og blomestampar.

Tretønner er tradisjonsrike og miljøvennlege produkt og er tradisjonelt brukt som emballasje til salting av fisk og rogn.
Tretønner gjev særs god kvalitet på rogna, hevdar brukarane.

Mange brukar tretønner til å samla søppel i. Dei vanlege plastsekkene passar fint inne i tønna. Tretønnene blir og brukte som "pynt" i kjellerstover, hytter og naust. Blomestampar med utgongspunkt i tretønna er svært populære om våren og sommaren. Desse blir laga med galvaniserte jernband  som ikkje rustar, og kan leverast beisa, olja eller lakka etter kunden sitt ønske.

Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk blei etablert tidleg på 1900-talet og held til på den gamle handelsstaden Holsund som ligg i Fusa kommune i Hordaland.

Lars Mosaker eftf. Tønnefabrikk
Holsundveien 866
5648 Holmefjord

Telefon: 56 58 29 71
Mobil: 481 44 537
Faks: 56 58 29 71

E-post: lamos@online.no 

Nettside: http://www.magnarmosaker.no


Tilbake til artikkelen