Vi har brukt tre år på prosjektet for å få den rette kvaliteten, og vi har samarbeidd med flotte leverandørar innan musikk, kostyme og koreografi. Knut Ivar Bøe har levert eit utruleg bestillingsverk til oss, og vi gler oss til å vise fram alt saman med flotte dansarar frå Molde. Les meir på heimesida vår (vert lansert 24. april)
Innovasjon Norge har vore med på satsinga frå første dag, og vi rettar ei stor takk til Ålesundskontoret J
Du kan sjå framsyninga for første gang live i Molde den 25 april kl 16.00 i Reknesparken, men vi dukkar opp fleire stader i Møre og Romsdal utover sommaren.
Og du kan sjølvsagt bestille di eiga framsyning – vi kan stille året rundt. Følg med på heimesida, www.trolldans.no, for oppdatert informasjon.
Vi deltar på Norwegian Travel Workshop i Molde frå 26-29 april og har også eiga framsyning der!
Her er ein herleg smakebit av den 20 minutt lange framsyninga: http://www.youtube.com/watch?v=wSzKgMyCzIw
Gro Marita Stennes Valdal
prosjekteigar
Tel 40296001

